Chris Spedding

Chris Spedding

Spedding i Toronto, 18. mai 1979
Fødd17. juni 1944 (80 år)
FødestadStaveley i Derbyshire i England
FødenamnPeter Robinson
OpphavStorbritannia
AktivSidan seint i 1960-åra
Sjanger
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • plateprodusent
Gift medJody Spedding

Christopher John Spedding (fødd 17. juni 1944 som Peter Robinson)[1] er ein engelsk musikar, songar, gitarist, låtskrivar, multi-instrumentalist, komponist og plateprodusent. I ein karriere på over 50 år er Spedding mest kjend som studiomusikar. Tidleg i 1970-åra var han blitt ein av dei mest etterspurte studiogitaristane i England. Spedding har spelt på og produsert mange album og singlar. Han har òg vore medlem av elleve rockeband: The Battered Ornaments, Frank Ricotti Quartet, King Mob, Mike Batt and Friends, Necessaries, Nucleus, Ricky Norton, Sharks, Trigger og The Wombles.

AllMusic har skildra Spedding som «ein av dei mest allsidige studiogitaristen i Storbritannia. Han har hatt ein lang karriere på to kontinent der han takla nesten alle sjangrar innan rock and roll, i tillegg til sporadiske forsøk på ein solokarriere.»

Spedding spelte på turné med The Pretenders i USA i 1980, og var særskild kjend for gitarsoloane sine på konsertversjonane deira av «Stop Your Sobbing».

Spedding gav ut det første soloalbumet sitt Songs Without Words i 1970. Sidan den gongen har han gjeve ut fjorten studioalbum, og to konsertalbum. Soloalbuma hans har som regel ikkje selt særskild godt, og den einaste singelen han har hatt på singellista er «Motor Bikin'».[2]

  1. «Biography by Steve Huey & Bruce Eder». Allmusic.com. Henta 30. desember 2020. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 519. ISBN 1-904994-10-5. 

Developed by StudentB